Ærfuglar
- For vanleg ærfugl sjå ærfugl
Ærfuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Underfamilie: | Anatinae |
Slekt: | Ærfuglar Somateria Leach, 1819 |
Ærfuglar (Somateria) er ei biologisk slekt av store, marine dukkender. Dei tre nolevande artane hekkar alle i kjølige område på den nordlege halvkula.
I tillegg er det funne to fossilartar, ein frå oligocenlag i Kasakhstan og ein annan frå sein miocen eller tidleg pliocen i USA. Det er usikkert om den sistnemnde høyrer til ærfuglslekta.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er store og tunge ender som lever langt nord mot Arktis hovudsakleg av marint animalsk føde frå havbotn slik som blautdyr (muslingar og pigghudar) og krepsdyr (krabbar). I hekketida er dei meir altetande og inkluderer vegetabilsk føde.
Hofuglen er stort sett einsfarga brun med spraglete mørkare flekker. Hanfuglen vekslar mellom praktdrakt med svart underside og kvitt i overside, lys rosa eller oransje i bryst, fargerike hovud og nebb, og ei eklipsdrakt med skittent kvitt i bryst og elles meir eller mindre mørk brun farge.
Hos alle tre artar finn ein migrasjon til isfrie område om vinteren.
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Artar av ærfuglar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Brilleærfugl, Somateria fischeri, Spectacled Eider, von Brandt, JF, 1847, (NT)
- Den minste i slekta, ca. 50-53 centimeter i kroppslengd, utbreiing i nordaustlege Russland, langs kysten av republikken Sakha og austover kysten av Tsjukotka til Beringsundet, òg langs kysten av nordlege og vestlege Alaska.
- Praktærfugl, Somateria spectabilis, King Eider, Linné, 1758, (LC)
- 47–63 cm, hekkeutbreiinga er nær sirkumpolar i nord, fråvære frå Frans Josefs land og Svalbard, vinterutbreiinga i isfrie område som Island, Aleutane, og sørover langs austkysten av Nord-Amerka, nordkysten av Kolahalvøya og vestover, men sparsommeleg langs norskekysten.
- Ærfugl, Somateria mollissima, Common Eider, Linné, 1758, (NT)
- 50–70 cm i kroppslengd. Utbreidd langs nordlege kystar av Nord-Amerika inkludert Grønland, Nord-Europa, Novaja Semlja, Frans Josefs land, Ljakhovskijøyane, Aleutane og Beringsundet. Dei europeiske hekkeområda femnar om heile Fennoskandia, Svalbard, Jan Mayen, Island og den nordlege delen av Dei britiske øyane.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Brilleærfugl, hannfugl i praktdrakt
-
Ærfugl, hannfugl i eklipsdrakt
-
Praktærfugl, hannfugl
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Petersen, M. R., J. B. Grand, og C. P. Dau (2020). Spectacled Eider (Somateria fischeri), version 1.0. I Birdsof the World (A. F. Poole og F. B. Gill, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.speeid.01
- Powell, A. N. og R. S. Suydam (2020). King Eider (Somateria spectabilis), version 1.0. I Birdsof the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.kineid.01
- Goudie, R. I., G. J. Robertson, og A. Reed (2020). Common Eider (Somateria mollissima), version 1.0. I Birdsof the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.comeid.01
- Referansar
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Ærfuglar hos Artsdatabanken
- (en) Ærfuglar – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Ærfuglar i Encyclopedia of Life
- (en) Ærfuglar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Ærfuglar hos Dyntaxa
- (en) Ærfuglar hos Fauna Europaea
- (en) Ærfuglar hos Fossilworks
- (en) Ærfuglar hos ITIS
- (en) Ærfuglar hos NCBI
- (en) Kategori:Somateria – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Somateria – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons