Álava
Utsjånad
Álava | |||
Araba | |||
provins | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Region | Baskarland | ||
Areal | 3 037 km² | ||
Folketal | 333 626 (2021)[1] | ||
Álava 42°50′00″N 2°45′00″W / 42.833333333333°N 2.75°W | |||
Kart som viser Álava.
| |||
Wikimedia Commons: Álava-Araba |
Álava (baskisk Araba og offisielt Álava-Araba) er ein provins nord i Spania i den sørlege delen av den autonome regionen Baskarland. Provinsen har meir enn 330 000 innbyggjarar og eit areal på 3 037 km².
Han grensar til provinsane Burgos, La Rioja, Navarra, Guipúzcoa og Bizkaia. Condado de Treviño er ein enklave i provinsen Burgos (Castilla y León) omgjeve av alavesisk land.
Dei flreste innbyggjarane bur i og rundt hovudbyen Álava Vitoria-Gasteiz (Vitoria på spansk, Gasteiz på baskisk), som òg er regionshovudstad i den autonome regionen. Resten av provinsen er hovudsakleg landsbygd. Provinsen er delt inn i sju fylke (cuadrillas).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Población por provincias, edad (grupos quinquenales), Españoles/Extranjeros, Sexo y Año». Henta 31. august 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Álava» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2009.