Etikett
- Denne artikkelen handlar om etikett jamfør merkevare. For skikk og bruk i selskapslivet, sjå etikette.
Ein etikett, tagg eller merkelapp er eit papir- eller ein pergamentslapp festa til ei vare eller innpakninga hennar, med opplysningar om namnet og innhaldet i vara. Dei engelske orda label, tag og sticker svarar til dette omgrepet.
Etikett
[endre | endre wikiteksten]Ein etikett inneheld opplysningar til kunden om mellom anna varetype, innhald, mengde, kvalitet, haldbarheit, produsent (fabrikat) og pris.[1][2] Etikettar kan vera enkle, handskrivne lappar, men kan også vera små, kunstferdig utførte reklameplakatar trykte på eigne etikett-trykkjeri til bruk på flasker, esker og hermetikk.
Iddis
[endre | endre wikiteksten]Iddis er eit dialektord for etikett, opphavleg frå Stavanger då hermetikkindustrien hadde høgkonjunkturen sin der, frå 1860 til 1960.[3][4] Etikett vart uttala iddikett, og vart så forenkla til iddis, som moglegvis har samanheng med ordet siddis.[3][5]
Døme
[endre | endre wikiteksten]Norske øletikettar
[endre | endre wikiteksten]-
Etikettar på ølflasker frå det norske Ringnes Bryggeri.
-
Flasketikettar på øl frå Borg bryggeri.
-
Flasketikettar på øl frå Macks Ølbryggeri.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Reinstein, Univ. Trier, UB, Constanze Decker and Hagen. «Etiquette». Henta 26. desember 2016.
- ↑ Fredriksen, Jan Ivar. (12. oktober 2020). «etikett». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ 3,0 3,1 «Korleis etikett blir iddis». Stavanger museum.
- ↑ «Om museet». Norsk hermetikkmuseum. Arkivert frå originalen 26. desember 2016.
- ↑ «Det Norske Akademis ordbok», naob.no, henta 19. mars 2023
- Denne artikkelen bygger på «Etikett» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «IDDIS» – Norsk grafisk museum og Norsk hermetikkmuseum i Museum Stavanger.
- «DigitaltMuseum: Søk: 'etikett'». DigitaltMuseum. Henta 21. mai 2012.