Dame
Damer er kvinnfolk som litet eller ingenting gjera
Vinje, Skrifter i samling II s. 200
|
Dame (frå seint norrønt damma gjennom fransk frå latin domina 'herskarinne') er ein tidlegare adelstittel som i moderne norsk viser til ei vaksen kvinne.
Ordet dame var gjennom lange tider ein tittel for for gifte adelege kvinner. I nyare tradisjon har ordet dame vore bruka om vaksne kvinner av høgre samfunnslag eller som viser teikn på ei standsmessig daning. I vår tid kan ordet bli brukt om alle vaksne kvinner, utan streng sosial gradering, men likevel slik at det i mange samanhengar vert assosiert med kvinner av høg sosial rang.
Annan bruk av ordet
[endre | endre wikiteksten]Ordet dame vert òg bruka om eit biletkort i kortstokken med talverdien tolv, mellom konge og knekt.
I Storbritannia er Dame den kvinnelege varianten av ærestittelen Sir.
Kjelder:
[endre | endre wikiteksten]- Norsk ordbok, Det Norske Samlaget 1966
- Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6