Ausan
Ausan (gammalsørarabisk ʾws1n Aus1ān) var eit kongerike i noverande Jemen som fanst på 700-talet f.Kr. Ausan er det sørarabiske oldtidsriket ein veit minst om. Det låg i det sørlege Jemen, nordaust for Aden. Nøyaktig kvar hovudstaden Miswar låg er ukjend.
Rundt 700 f.Kr. erobra kongeriket Qataban og den vestlege delen av Hadramaut. Dette gjorde at Ausan fekk kontroll over store delar av den jemenittiske kysten, og kunne driva maritim handel. Seinare fekk det kontroll over hamnebyen Tafid, som låg på staden Aden no ligg.
Under regjeringstida til Karib’il Watar I av Saba, kring 685 f.Kr., kom Ausan i konflikt med det stadig mektigare Saba. Med støtte frå Qataban, Hadramaut og bystatane Haram og Kaminahu førte Saba fleire hærtog der Ausan til slutt blei erobra. Ausan og vasallstatane Kahad, Dahas og Tubanaw blei underlagde Qataban. Ein trur at Ausan først kunne gjennoppstå som rike i det 1. hundreåret f.Kr. Seinare blei det truleg erobra av [Himyar].
Kongar av Ausan
[endre | endre wikiteksten]Denne lista følgjer Kenneth A. Kitchen.[1]
- 'Amkarib, 700-talet f.Kr., far til Ḏkrʾl Lḥyn
- Ḏkrʾl Lḥyn, ca. 700 f.Kr., hadde tittelen mukarrib, far til ein Muratta'
- Muratta' (eller Martaw), 600-talet f.Kr., overvunnen av Karib’il Watar I av Saba
- Ma'ad'il, rundt år 1
- Yasuduq'il Far'a, 1. hundreåret e.Kr.
- Ma'ad'il Salhan, 1. hundreåret e.Kr.
- Yasuduq'il Far'a Scharah'at, 1. hundreåret e.Kr.
- 'Ammyitha' Ghailan Gaschmu
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kitchen 1994
- Denne artikkelen bygger på «Ausan» frå Wikipedia på tysk, den 11. februar 2018.
Litteraturliste
[endre | endre wikiteksten]- Kenneth A. Kitchen: The World of Ancient Arabia Series. Documentation for Ancient Arabia. Part I. Chronological Framework & Historical Sources. Liverpool, 1994
- Walter W. Müller: Skizze der Geschichte Altsüdarabiens. I: Werner Daum (Hrsg.): Jemen. Pinguin-Verlag, Innsbruck 1987, ISBN 3-7016-2251-6, s. 50-56