Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg

tirsdag 2. mars 2010

Luftetur

 

Det er verkeleg vår i lufta og fuglane tittar fram både ute og inne her på Hæujen:-) Desse to kjem opphaveleg frå Nille men landa så fint i det lille reiret eg hadde laga klart. 
Og dei må berre bli buande!


Ein annan fugl som akkurat har landa er Sjova sjølv. Eg har vore på ein aldri så liten luftetur til Gøteborg 
og eg har kosa meg stooooort!
Nemner i fleng( i prioritera rekkefylgje):
Skravla- ledd og hatt det mysigt med ei god venninne. 
Vore i den eine herlege bruktbutikken etter den andre. 
Dansa til Angie Stone sin fengjande musikk på konsert i Tradgården. 
Ete sushi( og godis!)
Pluss pluss pluss
Ja- i det heile var turen rett og slett ei gåve!

 

Eg er elendig til å ta bilete på tur men har foreviga litt av det eg kom heim med. Desse nydelege koppehandkleda er å få overalt i Sverige til ein latterleg sum. Skjønne initialar er brodera med stø hand og no prydar nokre av dei kjøkenet kons.


Herleg eller kva?! Gangen kons er eit av dei neste prosjekta her og flisar med mønster har me vore samd om sidan dag ein. Marrakech design i Gøteborg har rett og slett eit supert utval til ein god pris.
Tok med to prøveflisar- den raude er NESTEN bankers til gangen.
Blir du ikkje glad av å sjå på han?!
Eg vil at folk skal bli glade så fort dei opnar dynni kons!

 

Same mønster men heilt klart rolegare og meir nøytral. Badet me skal ha i påbygget kons får nok desse på golvet. Sjå føre deg badekar med løveføtar og prismekrone i taket...
Gledare meg vilt!

Eg kjøpte også verdas finaste ljosekrone- eller det vil sei at min gode ven Miriam kjøpte han etter eg drog og passar no på han til neste gong eg kjem! 
Såg han i ein antikbutikk og klara ikkje gløyme han...
Var akkurat slik eg ønskja og veit presis kor han skal bu.

Tusen takk Miriam!Eg kjem snart att:-)

Sjova


Related Posts with Thumbnails