Yibin
宜宾 (forenkla kinesisk) Yíbīn (pinyin) | |
---|---|
Tidlegare namn | 宜賓 (tradisjonell kinesisk) I-pin (Wade–Giles-transkripsjon) Suibu, Suifi |
Styresmakter | |
Land Provins |
Kina Sichuan |
Geografi | |
Flatevidd | 13 270,78 km² |
Innbyggjarar - By (2010; 2000; 2020) - Byområde |
5,18 millionar 872 000 |
Høgd over havet | 321 m |
Tidssone | UTC+8 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.yibin.gov.cn/ |
Yibin er eit byprefektur i provinsen Sichuan i det vestlege Kina. Folkesetnaden vert estimert til 5,18 millionar (2005) for heile byprefekturet, 872 000 for byområdet.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Yibin ligg 200 km sørvest for Chongqing der elva Chang Jiang byrjar ferda si gjennom Sichuan, ved møtestaden for Jinsha og Min Jiang. Yibin er eit samferdselssenter som endepunkt for elvefarten og har jarnbanesamband. Ein driv utstrekt viktig handel med ris, kveite, sukker, tungolje og legemiddel.
Byen har mellom anna kjemisk, papir- og glassindustri, og produksjon av te og salt.
Kulturminne
[endre | endre wikiteksten]Dei gamle bygningane ved Zhenwu Shan (daoistiske tempel frå Ming-dynastiet og anna)[1] Huangsan-klippegravene,[2] Shichengshan-klippegravene[3] frå Song- til Ming-tida, Xuanluo-hallen[4] og det tidlegare setet for det kinesiske arkitekturselskapet[5] er oppført på Folkerepublikken Kina si kulturminneliste.
Administrative einingar
[endre | endre wikiteksten]Byprefekturet Yibin har jurisdiksjon over éitt distrikt (区 qū) og ni fylke (县 xiàn).
Kart | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
# | Namn | Hanzi | Hanyu Pinyin | Folkesetnad (2004 est.) | Areal (km²) | Tettleik (/km²) |
Distrikt | ||||||
1 | Cuiping | 翠屏区 | Cuìpíng Qū | 780 000 | 1 123 | 695 |
Fylke | ||||||
2 | Yibin | 宜宾县 | Yíbīn Xiàn | 980 000 | 3 034 | 323 |
3 | Nanxi | 南溪县 | Nánxī Xiàn | 410 000 | 704 | 582 |
4 | Jiang'an | 江安县 | Jiāng'ān Xiàn | 540 000 | 910 | 593 |
5 | Changning | 长宁县 | Chángníng Xiàn | 430 000 | 975 | 441 |
6 | Gao | 高县 | Gāo Xiàn | 500 000 | 1 323 | 378 |
7 | Junlian | 筠连县 | Jūnlián Xiàn | 390 000 | 1 254 | 311 |
8 | Gong | 珙县 | Gǒng Xiàn | 420 000 | 1 150 | 365 |
9 | Xingwen | 兴文县 | Xīngwén Xiàn | 440 000 | 1 373 | 320 |
10 | Pingshan | 屏山县 | Píngshān Xiàn | 290 000 | 1 437 | 202 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Yibin» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Yibin» frå Wikipedia på bokmål, den 31. august 2010.
- Fotnotar