Wallaby
Utsjånad
Wallabyar er ei gruppe pungdyr som høyrer til familien kenguruar (Macropodidae). Wallaby er ikkje ei systematisk gruppe, men viser til dyr som er mindre enn typisk kenguru. Ein finn wallabyar i Australia og på Ny-Guinea. Dei er ein innført art på New Zealand, der dei er rekna som skadedyr.
Ordet wallaby stammar frå aboriginarspråket dharug (dharuk), der det kan ha forma walabi eller waliba.[1]
Biletdøme
[endre | endre wikiteksten]-
Macropus agilis
-
Macropus parryi
-
Macropus rufogriseus
-
Wallabia bicolor
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «wallaby», Australian Oxford Dictionary, Oxford University Press, 2004