Vemundvik
Utsjånad
(Omdirigert frå Vemundvik kommune)
64°30′59.324″N 11°31′42.982″E / 64.51647889°N 11.52860611°E
Vemundvik er ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag fylke, oppretta i 1891 då kommunen Sævik vart delt i to; Vemundvik og Klinga. I 1963 vart Vemundvik, saman med Klinga, delen av Otterøy nord for Namsenfjorden og delen av Otterøy som høyrde til Fosnes, lagt til Namsos kommune.
I dag utgjer Vemundvik eit sokn i Namsos kommune, nord for munningen til Namsen. Det femner distrikta kring fjordane austanfor Elvalandet og Otterøya. Busetnaden i området er for det meste spreidd.
Namnet kjem av norrønt Vémundarvik, av mannsnamnet Vemund.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Vemundvik. – kommune» i Store norske leksikon, snl.no. «Vemundvik. – sogn» i Store norske leksikon, snl.no.