Hopp til innhald

Valve Corporation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valve Corporation


BransjeDataspelindustrien
Skipa1996
Eigenandel iSteam
HovudkontorBellevue i Washington
LandUSA
Produktdataspel, programvare
Grunnleggjar(ar)Gabe Newell, Mike Harrington
Adm.dir.Gabe Newell (1996)
Dagleg leiarGabe Newell
Nettstadhttps://www.valvesoftware.com/ (engelsk)

Valve Corporation (tidlegare Valve Software) er ein amerikansk dataspelutviklar med hovudkontor i Bellevue i Washington. Valve blei grunnlagt av Gabe Newell i 1996 og blei verdskjend etter det fyrste produktet deira, Half-Life, som blei lansert den 19. november 1998. Selskapet fekk på ny mykje omtale og ros ved lanseringa av Half-Life 2 i 2004. Sidan har dei utgitt programvara Steam som er ein distribusjonsplattform for spel, og tilgjengeleg på PC og PS3.

Valve har produsert videospelseriane Counter-Strike, Day of Defeat, Half-Life, Left 4 Dead, Portal, Team Fortress og spelet Dota 2.