Hopp til innhald

Tysk-romerske keisarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tysk-romersk keisar)

Ved traktaten i Verdun i 843 vart Frankarriket delt i tre. Den eine delen var Austfrankarriket, som seinare vart til Det tysk-romerske riket. Otto I. tredde i Karl den Store sine fotefar og gjenoppretta keisarverdet i det austfrankiske riket, og gjeld såleis som grunnleggjaren av Det tysk-romerske riket.

Kongane vart valde av kurfyrstane, og førte tittelen Romanorum Rex (romersk konge), og etter å ha vorte krona av paven i Roma tittelen Romanorum Imperator (romersk keisar). Etter Maximilian I. vart den formelle kroninga i Roma utelaten, då regenten rekna seg som mektig nok til sjølv å ta tittelen. Ikkje alle kongar vart krona til keisar.

Forgjengarar - Romerske keisarar, frankiske kongar

Etterfølgjarar - Austerrikske keisarar, tyske keisarar.

Sjå òg Vestfrankarriket, franske kongar og keisarar, Midtriket (Lotharii Regnum)

Kongar av Preussen, bøhmiske regentar, ungarske regentar, nederlandske monarkar, saksiske regentar, polske monarkar, herskarar av Thüringen, belgiske monarkar, herskarar av Hannover, austerrikske herskarar, monarkar i Bayern

Saksiske Ottoer

[endre | endre wikiteksten]

Salisk-frankiske herskarar

[endre | endre wikiteksten]

Supplinburg

[endre | endre wikiteksten]

Hohenstaufere

[endre | endre wikiteksten]

1198: Dobbeltvalg av to tyske kongar, Filip av Schwaben og Otto av Braunschweig, den seinare Otto IV. Begge søkte pave Innocens III si støtte for kandidaturet sitt til keisarverdet; han valde i 1200/01 å støtte Otto, i sin Dekretale Venerabilem føreheldt han seg det siste ordet og stadfesta dermed kravet til Otto på keisarverdet. I 1208 vart Filip myrda, og først i 1209 vart Otto krona:

Hohenstaufere

[endre | endre wikiteksten]