Torskefisk
Torskefisk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Orden: | Torskefisk Gadiformes Goodrich, 1909 |
Torskefisk (Gadiformes) er ein orden beinfisk som er utbreidd i alle hav. Arten lake lever dessutan i ferskvatn. Gruppa omfattar særs mange viktige matfisk; i tillegg til torsk høyrer m.a. sei, lyr, hyse og alaskatheragra til ordenen.
Dei fleste torskefiskane lever i kaldt vatn på den nordlege halvkula.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste artane torskefisk har bukfinnar, og dei er alltid plassert framfor eller lateralt like under brystfinnane. Ryggfinnen er lang, og ofte delt i to eller fleire delar. Alle manglar ekte finnestrålar. Flesteparten av dei har ein eller fleire skjeggtråder under kjaken, men nokre av dei (til dømes sei) manglar dette.
Det er stor variasjon i storleik hjå dei ulike torskefiskane. Den største arten, torsk, kan verta opptil halvannan meter lang med ei vekt på meir enn 50 kg, medan andre artar sjeldan veks stort lengre enn 15 cm.
Alle unnateke to slekter har symjeblære, og denne er utan samband med svelget.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Torskefisk på FishBase
- (no) Torskefisk hos Artsdatabanken
- (en) Torskefisk – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Torskefisk i Encyclopedia of Life
- (en) Torskefisk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Torskefisk hos Dyntaxa
- (en) Torskefisk hos Fauna Europaea
- (en) Torskefisk hos Fossilworks
- (en) Torskefisk hos ITIS
- (en) Torskefisk hos NCBI
- (en) Kategori:Gadiformes – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Gadiformes – detaljert informasjon på Wikispecies