Street Life
Street Life Singel av Roxy Music frå albumet Stranded | ||
B-side |
«Hula Kula» | |
---|---|---|
Utgjeve | 13. november 1973 | |
Innspelt | September 1973, Air Studios, London | |
Sjanger | Kunstrock, glamrock | |
Lengd | 3:29 | |
Selskap | EG | |
Låtskrivar(ar) | Bryan Ferry | |
Produsent | Chris Thomas | |
Roxy Music-kronologi | ||
«Do The Strand» (1973) |
Street Life | «All I Want Is You» (1974)
|
«Street Life» er opningssongen på det tredje albumet til Roxy Music, Stranded frå 1973. Dette var det første albumet deira med Eddie Jobson, som erstatta Brian Eno. Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia i november 1973 og nådde niandeplass på lista der. B-sida var «Hula Kula», som ikkje finst på albumet. Det er ein hawaiiaktig instrumental av Phil Manzanera, som vart gjeven ut i boksen The Thrill of It All.
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]Bassisten John Taylor, organiserte etter han forlet Duran Duran i 1997 eit hyllestalbum til Roxy Music kalla Dream Home Heartaches: Remaking/Remodeling Roxy Music (1999). «Street Life» vart spelt av Gerry Laffy og Simon Laffy, som Phantom 5.[1]
BandetDef Leppard har spelt «Street Life» på albumet Yeah!.
Morrissey framførte songen på nokre av konsertane sine i 2006.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Bryan Ferry - Vokal, piano
- Andy MacKay - Obo, saksofon, handsamingar
- John Gustafson - Bass
- Paul Thompson - Trommer, pauke
- Phil Manzanera - Gitar, handsamingar
- Eddie Jobson - Fiolin, synthesizer, klaverinstrument
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Street Life (Roxy Music song)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ John Taylor's Trust The Process website, arkivert frå originalen 22. august 2006, henta 6. april 2011