Stephen Hawking
Stephen William Hawking (8. januar 1942–14. mars 2018) var ein engelsk teoretisk fysikar, astrofysikar og matematikar.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Hawking har vore professor i matematikk ved Cambridge University sidan 1980. Hawking vart 20 år gamal råka av ein ulækjeleg og progressiv nevromotorisk sjukdom, som òg påverka hjernefunksjonane. Men han fullførte studia, og med hjelp frå kona, medarbeidarar og studentar har han likevel klart å formidle verdfulle idear og utforme nye teoriar av stort verd innan sine felt.
Arbeidsområda hans har vore romtid-teorien og særskild dei anomaliane i romtida kalla singularitetar. Sidan 1970 har dei viktigaste undersøkingane hans omfatta gravitasjonskollaps og eigenskapane ved svarte hòl. Seinare har han arbeidd med å formulere ein einskapleg teori for gravitasjonsteori og kvanteteori. Forskinga hans indikerer at svarte hòl ikkje eksisterer æveleg, men snarare «eimar» langsamt bort.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Hawking har skrive fleire populærvitskaplege bøker, mellom anna The Very Early Universe (1983), A Brief Historie of Time. From Big Bang to Black Holes (1988, norsk omsetjing Univers uten grenser, 1988), Black Holes and Baby Universes (1993, norsk omsetjing Svarte hull, baby-universer og andre essays, 1993), The Nature of Space and Time (1996) og The Universe in a Nutshell (2001).
Prisar
[endre | endre wikiteksten]Hawking har fått mange prisar og utmerkingar, mellom anna Einsteinmedaljen 1979, Royal Astronomical Society sin gullmedalje i 1985, Copleymedaljen i 2006 og Presidentens fridomsmedalje frå USA i 2009.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Stephen Hawking hos Mathematics Genealogy Project
- ↑ Allen, Bruce (1983). Vacuum energy and general relativity (PhD thesis). University of Cambridge.
- ↑ Bousso, Raphael (1997). Pair creation of svart hòls in kosmologi (PhD thesis). University of Cambridge.
- ↑ Carr, Bernard John (1976). Primordial svart hòls (PhD thesis). University of Cambridge.
- ↑ Dowker, Helen Fay (1991). Space-time wormholes (PhD thesis). University of Cambridge.
- ↑ Gibbons, Gary William (1973). Some aspects of gravitational radiation and gravitational collapse (PhD thesis). University of Cambridge.
- ↑ Hertog, Thomas (2002). The origin of inflation (PhD thesis). University of Cambridge.
- ↑ Laflamme, Raymond (1988). Time and quantum kosmologi (PhD thesis). University of Cambridge.
- ↑ Page, Don Nelson (1976). Accretion into and emission from svart hòls (PhD thesis). California Institute of Technology.
- ↑ Perry, Malcolm John (1978). Black holes and quantum mechanics (PhD thesis). University of Cambridge.
- «Stephen Hawking», Store norske leksikon, 19. juni 2013, henta 13. august 2014
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Stephen Hawkings nettstad
- Stjerneprofessorens teori om Gud og evigheten - intervju i Aftenposten 26. februar 2006. Arkivert
- Einskildmenn
- Fødde i 1942
- Døde i 2018
- Folk frå Oxford
- Folk frå St. Albans
- Engelske fysikarar
- Engelske astronomar
- Kosmologar
- Relativistar
- Teoretiske fysikarar
- Engelske sakprosaforfattarar
- Elevar ved University College, Oxford
- Elevar ved Trinity Hall, Cambridge
- Medlemmar av Royal Society
- Medlemmar av American Philosophical Society
- Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Albert Einstein-medaljen
- Maxwell Medal and Prize
- Copleymedaljen
- Royal Astronomical Society sin gullmedalje
- Wolfprisen i fysikk
- Order of the British Empire
- Døde av motonevronsjukdom