Hopp til innhald

Sonderakett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Black Brant XII, avfyrt frå Wallops Flight Facility.

Ein sonderakett, stundom kalla forskingsrakett, er ein rakett med instrument som er utforma for å ta målingar og gjere vitskaplege eksperiment i dei øvre områda av atmosfæren. Opphavet til namnet kjem frå «å sondere», altså å gjere ei måling.[1]

Rakettane ta vanlegvis målingar eller fører instrument med seg frå 50 til 1500 km over overflata til jorda, ei høgd som ligg mellom høgda vêrballongar kan nå (40 km), og under nivået satellittane går i (over 120 km).[2] Visse sonderakettar, som Black Brant X og XII, kan nå ei høgd på mellom 1000 og 1500 km, som er det høgaste i klassen deira. Rakettane som vart nytta er ofte rakettar som militæret har til overs.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Marconi, Elaine M. (12. april 2004). «What is a Sounding Rocket?». Research Aircraft. NASA. Henta 5. november 2009. 
  2. «NASA Sounding Rocket Program Overview». NASA Sounding Rocket Program. NASA. 24. juli 2006. Henta 5. november 2009.