Hopp til innhald

Språket sindi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sindhi)
Sindi
سنڌي , सिन्धी ,sindhī
Klassifisering indoeuropeisk
 indo-iransk
  indo-arisk
   nordvestre sone
Bruk
Tala i Pakistan og India
Sinditalande i alt 54,3 millionar
Skriftsystem persisk, devanagari
Språkkodar
ISO 639-1 sd
ISO 639-2 snd
ISO 639-3 snd

Sindi er eit indo-arisk språk som blir tala av sindhiar, hovudsakleg frå Sind i Pakistan, og eit mindretal i India.

I Pakistan er sindi det tredje mest utbreidde språket (etter panjabi og pasjto) med 41 millionar talarar. 12 millionar indarar snakkar sindi. Det er offisielt språk i Sind-provinsen, og eitt av 22 offisielt «nemnde» språk i India. Standardtalemålet av sindi heiter vitsjoli.

I India finn ein flest sinditalande i Rann av Kutch og på Kathiawar-halvøya. Sindi liknar mykje på katsji, som blir tala like sør for dette området i Gujarat, og er nært i slekt med dei vestpanjabiske lahndaspråka snakka nord i Sind og sør i Panjab.

Språket stammer frå vratsjada, eit apabhramsaspråk. Gjennom fleire hundreår med muslimsk påverknad har språket teke opp i seg mange persiske og arabiske lånord.

Sindi kan skrivast med tillempa utgåver både av devanagari og det persiske alfabetet. Ein tok først til å trykka sindilitteratur på 1920-talet.

Sufiar som Sachal Sarmast, Shah Abdul Latif Bhittai og ikkje minst Lal Shahbaz Qalander er kjende sindidiktarar.


Spire Denne språkartikkelen som har med India og Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.