Sigurd Jorsalfare
Utsjånad
(Omdirigert frå Sigurd I)
Sigurd Jorsalfare | |||
«Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard» Teikning av Gerhard Munthe til Heimskringla. | |||
Konge av Noreg | |||
Titlar | Jarl på Orknøyane | ||
---|---|---|---|
Fødd | 1089 | ||
Fødestad | Noreg | ||
Død | 26. mars 1130 | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Gravstad | Akershus festning | ||
Gift med | Bjaðmunjo Mýrjartaksdóttir, Malmfrid Mstislavsdotter, Cecily | ||
Dynasti | Hardrådeætta | ||
Far | Magnus III av Noreg | ||
Mor | Thora | ||
Born | Kristin Sigurdsdatter, Magnus IV av Noreg |
Sigurd Magnusson Jorsalfare (1090–26. mars 1130), rekna som Sigurd I av Noreg, var konge av Noreg frå 1103 til 1130.[1]
Sigurd var son av kong Magnus III Olavsson Berrføtt. Han overtok kongedømet saman med brørne Øystein I Magnusson (om lag 1088–1123) og Olav Magnusson (1099–1115) då faren døydde i 1103. Sigurd Jorsalfare var jarl på Orknøyane frå 1098 til 1103 og var einekonge i Noreg frå 1123. Han var gift med dronning Malmfred av Russland.
Namnet «Jorsalfare»
[endre | endre wikiteksten]Tilnamnet «Jorsalfare» ('Jerusalem-farar')[2] fekk Sigurd av di han i fleire år var på krosstog. Han skal ha vore i Jerusalem, som på norrønt var Jorsal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sigurd Jorsalfare» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Hunt Janin. Four Paths to Jerusalem: Jewish, Christian, Muslim, and Secular Pilgrimages, 1000 BCE to 2001 CE. S. 89