Schibsted
Schibsted | |||
| |||
Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 933739384 | ||
Skipa | 1839 | ||
Dotterselskap | Schibsted Norge, Adevinta | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Styreleiar | Karl-Christian Agerup (12. juli 2022)[1] | ||
Adm.dir. | Kristin Skogen Lund (1. desember 2018)[2][3] | ||
Nettstad | https://schibsted.com (engelsk) |
Schibsted (OSE: SCH) er det største mediekonsernet i Noreg, og ein av dei leiande medieaktørane i Skandinavia. Konsernet har etablerte produkt og rettar innanfor media som avis, fjernsyn, film, forlag, multimedia og mobile tenester.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Selskapet vart grunnlagt av Christian Schibsted i 1839 då han starta ei lita verksemd som boktrykkjar i Oslo. Schibsted overtok eigarskapet til Verdens Gang i 1966, då avisa var i finansielle problem. I 1988 vart det til då familieeigde selskapet omlagt til aksjeselskapsforma og det vart oppretta ulike dotterselskap. I dag eig Schibsted mellom anna Verdens Gang, Aftenposten og Avis1, og er deleigar av svenske Aftonbladet (49,9%), TV 2 (33,3%), Svenska Dagbladet, Metronome Film & Television AB (60%) og Sandrew Metronome (50%).
Konsernet vart børsnotert i 1992, og konsernsjef har sidan det vore Kjell Aamot.
Hovudkontoret ligg i Oslo og det meste av verksemda er knytt til Noreg og Sverige.
Eigarskap
[endre | endre wikiteksten]Schibsted ASA er eigd av:
- Blommenholm Industrier AS ved Tinius Nagell-Erichsen (26,1 %)
- State Street Bank (10,7 %)
- Folketrygdfondet (8,2 %)
- Capital Research (6,6 %)
- Marathon Asset Management (6,1 %)
- Mellon Bank (6,0 %)
- Andre eigarar (36,2 %)
Schibsted ASA eig dette innan norsk presse og fjernsyn:
- Adresseavisen ASA (33,3 %)
- Aftenposten AS (100 %)
- Asker og Bærums Budstikke ASA (10,1 %)
- Bergens Tidende AS (24,4 %)
- Fædrelandsvennen AS (25 %)
- Harstad Tidende-gruppen AS (49,3 %)
- Schibsted Print Media AS (100 %)
- Stavanger Aftenblad ASA (31,5 %)
- TV2-gruppen AS (33,3 %)
- Verdens Gang AS (100 %)
Andre selskap Schibsted eig:
- Schibsted Søk AS (Sesam.no) (100 %)
- Næringsliv24 AS (100%, gjennom Aftenposten (60%) og VG(40%))
- Basefarm AS (73,5 %)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Aksjeinformasjon om Schibsted frå Børs24[daud lenkje]
- Schibsted ASA i Medieregisteret Arkivert 2006-07-15 ved Wayback Machine. (informasjon om eigartilhøva innanfor norsk dagspresse, radio og fjernsyn)
- «Gir fra seg makten» på N24.no (endring i eigarstrukturen)