Hopp til innhald

Romsdals amt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Romsdals amt var frå 1662 og fram til 1919 namnet på det som i dag er Møre og Romsdal fylke. Amtet var administrert frå Molde, der dei fleste amtmennene òg var busette. I 1919 skifta amtet namn; først til Møre fylke, og seinare att til Møre og Romsdal fylke.

Romsdals amt var opphavleg sett saman av dei to futedømma Nordmørs futedømme, som før hadde ligge under Trondhjems len og Romsdals futedømme, som var ei direkte vidareføringa av Romsdals len. Frå 1671 til 1675 låg òg Sønnmørs futedømme under Romsdals Amt, men frå 1675 til 1678 var Sunnmørs fogderi og Nordfjords futedømme eit eige amt, Sønnmørs og Nordfjord amt, under amtmann Christian Lindenow. I 1679 vart Sønnmøre og Nordfjord innlemma i Bergenhus stiftsamt; i 1689 vart Sunnmørs fogderi atter lagt under Romsdals amt, men framleis tilhørande Bergenhus stiftsamt.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]