Rankine
Utsjånad
Finn | Frå | Formel |
---|---|---|
Fahrenheit | Rankine | °F = °R − 459,67 |
Rankine | Fahrenheit | °R = °F + 459,67 |
kelvin | Rankine | K = °R ÷ 1,8 |
Rankine | kelvin | °R = K × 1,8 |
Celsius | Rankine | °C = (°R ÷ 1,8) – 273,15 |
Rankine | Celsius | °R = (°C + 273,15) × 1,8 |
For temperatur-intervaller , 1 °F = 1 °R og 1 kelvin = 1,8 °R |
Rankine eller grad rankine med symbol ºR er eininga for absolutt temperatur i det engelske einingssystemet og har fått namnet sitt frå den skotske ingeniøren og fysikaren William John Macquorn Rankine. Han framsette skalaen i 1859.
Rankine-skalaen har same einingsstorleik som Fahrenheit-skalaen, slik at ein temperaturdifferanse på 1 °R tilsvarar ein differanse på 1 °F. Ved 0 °R er det absolutte nullpunktet, kaldare er det fysisk umogleg å få det.
Rankine er ei utbreidd eining for temperatur i engelsk litteratur og er ofte den føretrekte måleininga blant amerikanske og engelske vitskapsmenn. Samanblanding mellom, og feil bruk av rankine, Fahrenheit, Celsius og Kelvin er ei evig kjelde til reknefeil blant så vel professorar som studentar.
Omrekningstabell mellom dei forskjellige einingane
[endre | endre wikiteksten]Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rankine» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2012.