Rabba
Utsjånad
Rabba | |||
الربة | |||
by | |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
guvernement | Karak guvernement | ||
Koordinatar | 31°16′N 35°44′E / 31.267°N 35.733°E | ||
Folketal | 9 000 (2010) | ||
Rabba 31°16′00″N 35°44′00″E / 31.266666666667°N 35.733333333333°E | |||
Kart som viser Rabba.
| |||
Wikimedia Commons: Rabba |
Rabba (arabisk الربة) er ein by i Jordan i Al Karak guvernement. Han ligg kring 15 km frå byen Karak og har kring 9 000 innbyggjarar.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Økonomien i Rabba er hovudsakleg basert på jordbruk, med avlingar som kveite og havre. Mange folk har òg sau og geit.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Rabba ligg langs den historiske Kongevegen. Han på ei tynn, delvis frodig slette som glir over i Wadi Ibn Hammad i vest, og ørkenen i aust.
Historiske stader
[endre | endre wikiteksten]Det ligg nabateiske ruinar i Rabba, langs hovudgata i sentrum av byen. Dei er eit tempel og eit reservoar. Det finst mange mindre ruinar spreidde rundt i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rabba» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: