Hopp til innhald

Pyjamarama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pyjamarama
Singel av Roxy Music
B-side

«The Pride and The Pain»

Utgjeve 1. mars 1973
Innspelt Februar 1973
Studio AIR Studios i London
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 3:00
Selskap Island
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry
Produsent Chris Thomas, John Anthony, Roxy Music
Roxy Music-kronologi 
«Virginia Plain»
(1972)
Pyjamarama «Do the Strand»
(1973)


«Pyjamarama» er ein song av det britiske glamrockbandet Roxy Music, som vart gjeven ut på singel i mars 1973 for å marknadsføre albumet For Your Pleasure, sjølv om det ikkje var med på sjølve albumet. Songen var skriven av Bryan Ferry og som B-side var instrumentalen «The Pride and The Pain» skriven av Andrew Mackay.

I 1977 vart han gjeven ut som singel på ny, i lag med «Virginia Plain», for å marknadsføre Greatest Hits-albumet deira. Singelen nådde då 11. plass. Utgåva frå 1977 var ein annan miks med mindre saksofon-handsaming og ei alternativ redigering av gitaren i slutten.[1]

Ein konsertversjon av songen finst på Viva! Roxy Music.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]