Hopp til innhald

Presteskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Representantar for presteskap frå ulike trussamfunn.

Presteskap, geistlege (frå tysk Geist, 'ande') eller kleresi (latin clericia, opphavleg frå gresk klerikos) er ei fellesnemning for prestevigde personar innan eit trussamfunn, særleg innan kristne kyrkjesamfunn.

I dei gamle europeiske stenderforsamlingane var dei geistlege ein eigen stand.

Geistlege i Den norske kyrkja er biskopar, prostar, sokneprestar, residerande kapellanar, kallskapellaner og prestar i spesialstillingar (som sjukehusprestar, feltprester, fengselsprester og liknande).

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.