Portsea Island
Utsjånad
Portsea | |
---|---|
Portsmouth og Portsea Island sett frå Portsdown Hill | |
Geografi | |
Stad | Solent |
Koordinatar | 50°47′33″N 1°05′31″W / 50.79243°N 1.09194°W
|
Administrasjon | |
Land | England |
Grevskap | Hampshire
|
Demografi | |
Folketal | 147088
|
Portsea Island er ei lita, flat og lågtliggande øy like utanfor sørkysten av England. Øya ligg innanfor og omfattar store delar av byen Portsmouth. Ho er den tredje mest folkerike øya av Dei britiske øyane, etter øya Storbritannia og Irland.
I aust ligg Langstone Harbour og i vest Portsmouth Harbour. I sør vender ho ut mot Solent. Ein liten kanal, Ports Creek, skil øya frå fastlandet.
Tre vegbruer (M275, A3 og A2030), ei gangbru og ei jernbanebru går frå øya til fastlandet, og ei lita vegbru går vidare til Whale Island. I tillegg går det båtruter til Gosport (på fastlandet), Hayling Island og Isle of Wight.
Namnet Portsea vert òg nytta om eit administrativ distrikt i Portsmouth, som ligg i det sørvestlege hjørnet i øya.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Portsea Island» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2010.