Paul Scholes
Paul Scholes | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 16. november 1974 (50 år) Salford |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1998, EM i fotball 2000, VM i fotball 2002, EM i fotball 2004 |
Utmerkingar | English Football Hall of Fame |
Paul Scholes (fødd 16. november 1974) er ein engelsk tidlegare fotballspelar, fødd i Salford, som spelte for Manchester United frå 1994 til 2013. På sine 19 sesongar vann han meisterligaen to gongar, ligameisterskapen elleve gongar, FA-cupen tre gongar og ligacupen to gonar.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Scholes debuterte for United med to mål mot Ipswich Town den 24. september 1994. Frå 1997 hadde han fast plass i fyrstellevaren til laget frå Manchester. Han viste seg som ein målfarleg midtbanespelar og skåra heile 107 mål på sine 499 ligakampar.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]I mai 1997 fekk Scholes sin landslagsdebut for England mot Sør-Afrika. Også her skåra han i debutkampen. Etter 66 landskamper og 14 mål for det engelske landslaget, takka han etter EM i fotball 2004 nei til vidare landslagsspel. Han deltok både i VM 1998 og 2002, samt EM 2000 og 2004, utan større suksess.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Premier League: 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2007, 2008, 2009, 2011 og 2013 (11)
- Vinnar av FA-cupen: 1996, 1999 og 2004 (3)
- Vinnar av meisterligaen: 1999 og 2008
- Vinnar av ligacupen: 2009 og 2010
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paul Scholes» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2016.