PT-76

PT-76 (ПТ-76, плавающий танк-76) står for plavajusjtjij tank, som tyder symjande/amfibiestridsvogn. PT-76 kom til i byrjinga av 1950-talet av Sovjetunionen og vart mykje brukt om oppklaringsvogn i den sovjetiske hæren og i warszawapaktlanda.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Etter andre verdskrigen såg Sovjetunionen eit behov av et nytt og lett manøvrerbart amfibiekjøretøy. I åra etter krigen vart der difor utvikla ei ny stridsvogn under Zj. Ja. Kotin. Denne skulle på bestilling frå hæren ha amfibie-egenskapar. Kotin fekk fram PT-76, og i 1953 starta produksjonen i Volgograds traktorfabrikk. I 1958 kom en ny variant, PT-76B, som vart produsert fram til 1963.
Cirka 5 000 [1] til 12 000[2] lette stridsvogner av typen PT-76 vart produserte. 2000 vart sende til andre Warszawapakt-land.[2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- M551 Sheridan, som var USA sitt «svar» på den russiske PT-76.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Baryatynski, Mikhail. "Plavayushchiy tank PT-76", Bronyekollektsia series, special issue 1(5)/2004, Mal:In lang
- Foss, Christopher; Jane's AFV Recognition Handbook, Jane's, ISBN 0-7106-1043-2
- Denne artikkelen bygger på «PT-76» frå Wikipedia på svensk, den 19. mars 2017.