Hopp til innhald

Otto Hageberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Otto Annkjell Hageberg)
Otto Hageberg
Fødd12. juli 1936
Fitjar
Død24. november 2014
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdelitteraturvitskap
Yrkelingvist, professor, litteraturhistorikar, biograf, litteraturvitar, litterat, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Otto Annkjell Hageberg (12. juli 193624. november 2014)[1] var professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, opphavleg frå Fitjar. Hageberg tok hovudfag med ei oppgåve om Tor Jonsson i 1965. Han arbeidde i hovudsak med nynorske forfattarar og nynorsk skriftkultur, mellom anna Tarjei Vesaas og Olav Duun. Han gav ut fleire bøker, den siste var Svidd sjel, ein biografi om Ragnvald Skrede.

Hageberg engasjerte seg òg på andre felt, mellom anna som grunnleggjaren av og den første leiaren i Foreldreforeninga for MBD-barn, det som i dag er kjend som ADHD Norge. Han var svigerfar til Helene Uri.

  • Frå Camilla Collett til Dag Solstad: spenningsmønster i litterære tekstar. Det norske Samlaget, 1980.
  • Olav Duun. Samlaget, 1995.
  • Forboden kjærleik: spenningsmønster i Olav Duuns dikting. Det norske Samlaget, 2002.
  • Svidd sjel. Samlaget, 2003.
  1. Andersen, Per Thomas og Bliksrud, Liv (27. november 2014). «Nekrolog». Aftenposten.no. Henta 28. november 2014. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]