Hopp til innhald

Nord- og Sør-dynastia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nord- og Sør-dynasti-tida)
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet
Zhōu
Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn Hàn
Xīn
     Austlege Hàn
     Táng-dynastiet
(avbrote av Andre Zhōu)
Republikken Kina (Táiwān)

Nord- og Sør-dynastia (kinesisk skrift 南北朝, pinyin Nánběi Cháo) er nemninga på tidsrommet mellom 420 og 598 i kinesisk historie.

Utstrekninga til Nord- og Sør-dynastia i 440; Nord-Wei (blå) og Liu Song (raud)
Utstrekninga til Nord- og Sør-dynastia i 560; Nord-Zhou (lyseblå), Nord-Qi (mørkeblå), Chen (mørkeraud) og Vest-Liang (lilla)

Byen Luoyang vart frå Xiangnu i nord overfallen av ein hær i 316 og øydelagt. Heile Kina nord for Chang Jiang vart erobra av nomadehærar, men Jin-fyrstane samla seg i Nanjing og makta vinne tilbake Chang Jiang-dalen. Kina var då todelt, framande folk herska i nord, medan det kinesiske keisarriket i sør vart splitta opp og vert verande delt i nærare tre hundreår.

Mellom nomadefyrstane som hadde lagt under seg Nordkina kom det stadig vekk til interne rivningar. I alt danna det seg 16 kongedømme. Etter sytti år, i året 386, klarte ei gruppe, tuobaene, å få makta over heile området og danna då det nordlege Wei-dynastiet. Tuobaene tok i bruk den kinesiske administrative strukturen og tileigna seg elles temmeleg raskt den kinesiske kulturen og smelta såleis saman med den kinesiske folkegruppa.

Nomadefolka sitt herredømme i nord opna på ny dei gamle handelsvegane mot vest (Silkevegen), og via Turkestan breidde buddhismen seg inn i det nordlege Kina.

Medan Nord-Kina var samla, avløyste seks kortliva dynasti kvarande i Sørkina. Trass i den labile politiske stoda utvikla den kinesiske kulturen seg vidare også i sør. Særleg regjeringstida, 502-549, til Liang-dynasti-keisaren Liang Wu Di var ei fredstid der buddhismen breidde seg og kunstlivet blomstra; inntil general Hou Jing gjorde opprør og erobra hovedstaden og let keisaren svelte ihel.

I 589 erobra Sui-dynastiet det siste sørlege dynastiet, Chen-dynastiet, og avslutta tidebolken med sørlege og nordlege dynasti.

Dei fem nordlege dynastia var Nord-Wei, Vest-Wei, Aust-Wei, Nord-Qi og Nord-Zhou. Dei fire sørlege dynastia var Liu Song, Sør-Qi, Liang og Chen.