Hopp til innhald

Muthanna guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Muthanna
المثنى
guvernement
Land  Irak
Koordinatar 30°12′N 45°21′E / 30.200°N 45.350°E / 30.200; 45.350
Hovudstad Samawah
Areal 51 740 km²
Folketal 683 126 (2009)[1]
Kart
Muthanna guvernement
30°12′N 45°21′E / 30.2°N 45.35°E / 30.2; 45.35
Kart som viser Muthanna guvernement.
Kart som viser Muthanna guvernement.
Kart som viser Muthanna guvernement.
Wikimedia Commons: Muthanna Governorate

Muthanna guvernement (arabisk محافظة المثنى‎, romanisert Muḥāfaẓat al-Muthannā) er eit guvernement i Irak, kalla opp etter den arabiske generalen al-Muthanna ibn Haritha frå 600-talet. Det ligg sør i landet ved grensa til Saudi-Arabia. Det administrative senteret er byen Samawah.

Før 1976 var guvernementet ein del av Diwaniya guvernement, som i dag er ein del av Najaf guvernement og Al-Qādisiyyah guvernement.

Samawah ligg like ved den sumerisk-babylonske oldtidsbyen Uruk (arameisk Erech), som kan vere opphavet til namnet «Irak». Etter Babylon fekk lågare status då selevkidane grunnla Seleucia, vart Uruk den største byen sør i Babylonia. Namnet hans, Erech, fortrengde etterkvart Babili (Babylonia), sidan byen varte langt lengre enn den tidlegare hovudstaden, fram til 600-talet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Muthanna guvernement