Musikkgruppa GTR
Utsjånad
GTR | |||
Opphav | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1985–1987 | ||
Sjanger | Progressiv rock, AOR | ||
Plateselskap | Arista, King Biscuit | ||
Tidlegare medlemmer | *Steve Hackett |
GTR var eit rockeband starta i 1985 av tidlegare gitarist i Yes og Asia Steve Howe og tidlegare Genesis-gitarist Steve Hackett. I staden for progressiv rock som dei to gitaristane hadde spelt med sine tidlegare band, spelte GTR ein meir Adult-oriented rock-stil. Bandet var kortvarig og varte berre to år og eitt album. Hackett har sidan vore sterkt kritisk til prosjektet, men har ikkje snakka negativt om dei andre musikarane som var involvert.
Bandnamnet kom frå ei forkorting av «gitar» slik det står skrive i mange studio på miksepulten.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Song | US Hot 100 | US Rock | UK Singles[1] | Album |
---|---|---|---|---|---|
1986 | «When the Heart Rules the Mind» | 14 | 3 | - | GTR |
1986 | «The Hunter» | 85 | 14 | - | GTR |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «GTR (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 219. ISBN 1-904994-10-5.