Møkster
60°03′57″N 05°05′38″E / 60.06583°N 5.09389°E
Møkster | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Austevoll kommune | ||
Høgaste punkt | 36 moh. | ||
Areal | 1,39 km² | ||
Folketal | 43 | ||
Folketettleik | 31 / km² | ||
Møkster 60°04′00″N 5°05′00″E / 60.06666667°N 5.08333333°E | |||
Wikimedia Commons: Møkster |
Møkster er ei øy i Austevoll i Vestland fylke. Øya har 43 innbyggjarar (2023). Her er det butikk og ei lita hamn. Øya har ikkje brusamband. Snøggbåt går sørover til Bekkjarvik og nordover til Hufthamar, Flesland og Bergen. Reisetid frå Bergen er litt over ein time. Møkster har turområde i inn- og utmark. Velforeninga Møkster Bu vart oppretta hausten 2008 med hovudmål å auka folketalet på øya. Vidare mål er tilrettelegging for barnehage, arbeidsplassar og betre båtruter.
Møkster har vore busett iallfall sidan mellomalderen, då det òg vart bygd ei kyrkje, truleg ei stavkyrkje her. Denne kyrkja vart riven og erstatta av ein ny bygning i 1686. Denne vart i sin tur riven i 1892 og soknekyrkja vart flytta til Stolmen. Eit nytt kapell vart oppført i 1983.
Folketalsutvikling:
1900[1] | 2000[2] | 2023[2] |
---|---|---|
84 | 65 | 43 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1900 for Austevoll herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 2,0 2,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Møkster - en liten øy sørvest for Bergen: nettside med info og bilete (arkivert nettside)