Lupe
Ei lupe eller eit aukeglas er ei optisk linse som vert nytta som eit hjelpemiddel for å studere ting på nært hald. Luper skil seg frå andre forstørringsgjenstandar, til dømes briller, ved at dei har ei anna utforming.
Lupa vert nytta i mange yrke, til dømes av kirurgar, tannlækjarar, gullsmedar, urmakarar og i andre presisjonsyrke.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den tidlegaste nedteikninga av eit forstørringsglas er i sjubindsverket Kitab al-Manazir ('Optikk') skrive mellom 1015 og 1021, og seinare omsett til latin.
Forstørring
[endre | endre wikiteksten]Forstørringa til ei lupe kjem an på kvar ho er plassert i forhold til auga til brukaren og objektet som vert studert. Dei er vanlegvis skildra i form av styrken sin, og ei lupe med 2× forstørring vil om lag doble storleiken på objektet ein studerer.
Den matematiske formelen for forstørringa vil vere MP0=¼Φ+1, der Φ er lupa si evne til å bryta ljoset (dioptri) og ¼ er den tenkte avstanden til brytingspunktet (om lag 25 cm frå auget). Verdien for å skildre forstørringa vert skriven «mx», der m=MP0.
Fokuset i luper er ikkje særleg nøyaktig, og dette vil variere i forhold til lysbrytinga i auga til brukaren.
Ulike luper
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jeweler's Loupe.
- Luper Arkivert 2007-07-17 ved Wayback Machine., innhenta 13.07.2009.
- Magnifying glass» på Engelsk Wikipedia.