Lubok
Lubok (russisk лубок, лубочная картинка) er eit russisk, folkeleg bilettrykk, kjenneteikna av enkel grafikk og forteljingar henta frå litteraturen, religiøse forteljingar og folkeeventyr. Lubokutskrifter vart brukt til dekorasjon i hus og vertshus. Tidlege døme frå slutten av det 17. og tidleg i det 18. hundreåret er tresnitt, seinare var det vanleg med koparstikk eller etsingar, og frå midten av det 19. hundreåret litografi. Av og til kom dei i seriar, og kan slik oppfattast som ein forløpar for den moderne teikneserien. Billege og enkle bøker med mest bilete, såkalla folkebøker, vert i Russland kalla luboklitteratur. Både bilete og litteratur vert ofte referert til som lubok. Ordet «lubok» er på russisk namn på den indre borken av lindetreet, eit materiale nytta til å lage tresnitt til luboktrykka.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Lubok vart ein populær sjanger i løpet av siste halvdelen av det syttande hundreåret. Russisk lubok var i hovudsak påverka av tresnitt og koparstikk laga i Tyskland, Italia og Frankrike i første halvdelen av 1400-talet. Populariteten i Russland kom mykje av kor billeg og ganske enkelt det var å duplisere ei utskrift med den nye teknikken. Lubok vart vanlegvis seld på basarar og andre marknader til mellomstanden og dei lågare stender. Denne typen kunst var svært populært hos desse to stendene då lubok gav dei ein rimeleg sjanse til å vise kunst i heimen sin.
Opphavlege lubok var tresnitt. Biletbibelen Koren frå 1692-96 danna ein dominerande stil, ei slag gamalrussisk attgjeving av overnasjonal ikonografi, sterkast knytt til fresker ved øvre Volga. I midten av 1700-talet vart tresnitta for det meste erstatta med koparstikk- eller etsingsteknikkar, noko som gjorde at utskriftene kunne vere meir detaljerte og kompliserte. Etter trykking på papir vart biletet handfarga med fortynna tempera-måling. Trykka var i seg sjølv enkle og lite for synet, sluttprodukta med temperamåling overraskande lyse med levande fargar og linjer. Den dramatiske farginga av dei tidlege tresnitta gjekk delvis tapt ved overgangen til meir detaljerte graveringar.
I tillegg til bileta inneheld desse folketrykka ei kort historie eller ein leksjon i samsvar med biletet. Den russiske forskaren Aleksander Boguslavskij hevdar at lubokstilen er ein «kombinasjon av russiske tradisjonar om ikon og måla manuskript, og idear og tema frå vesteuropeiske tresnitt». Oftast ville ein lubokkunstnar føye litt hjelpetekst til den større illustrasjon som skulle dekke det meste av graveringa.
Luboksjangrar
[endre | endre wikiteksten]Folkloristen Dmitrij Rovinskij har laga eit detaljert og omfattande system over lubok. Dei viktigaste kategoriane er «ikon og evengelieillustrasjonar, dydar og vondskap hos kvinner, undervisning, alfabet, og tal, kalendrar og almanakkar, romanar, eventyr, og heltelegender , Kristi lidingshistorier, den siste dommen, martyrsoger; folkelege emne som maslenitsafestane, dokketeaterkomediar, drukkenskap, musikk, dans, vitsar og satirar knytte til Ivan den skrekkelege og Peter den store; satirar av utanlandske opphav, folkebøner, og plakatar spreidd av regjeringa, også kunngjeringar og nyheiter».
Krigslubok
[endre | endre wikiteksten]Den satiriske versjonen av lubok spela ei viktig rolle når Russland låg i krig. Napoleon vart framstilt på ein satirisk måte, dei russiske bøndene som heltane i krigen. Desse krigsluboka låtteleggjorde Napoleon og avbilda fransk kultur som degenerert. Slike lubok var både eit middel til å styrke trua på at ein kunne slå dei franske inntrengarane, og vise dei forferdelege øydeleggingane Napoleon og hæren hans påførte Russland. Alle dei ulike framstillingane av russiske heltar hjelpte til å definere og spreie trua på russisk identitet.
Heidensk arv
[endre | endre wikiteksten]Heidenskap er emne i mange lubok. Nokre tresnitt viser til trolldom og lagar koplingar til heidensk kosmologi. Visse lubok viser helvete gjennom scener frå dommedag og nokre av tresnitta syner underverda. Ulvar, hestar, reinsdyr andre dyr vert haldne for å vere «hjelpedyr» til trollmennene i tresnitta.
Eit anna vanleg emne i lubok er skildringa av Baba Jaga i kamp med vaktaren av underverda som har krypdyrtrekk. Baba Yaga er kledd i karakteristiske drakter med detaljerte broderi og vert i samsvar med folkloren presentert som nokre gongar god, til andre tider vond. Ofte rid ho ein gris, som viser til at «riding på gris var ein framståande del av maslenitsa-karnevalet, medan ein annan lubok viser ei personifisering av Maslenitsa som rir inn i Moskva på ryggen av ein gris og dermed opnar festen». Motsett er eit lubok som viser inngangen til underverda gjennom munnen til Baba Jaga munn, forkledd som ein grisemunn.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Kvinne ridande på ei høne. Lubok frå 1700-talet.
-
Kjærleik. Lubok frå 1700-talet.
-
Bjørn og geit i klede. Lubok frå 1700-talet.
-
Gode unge menn. Lubok frå 1700-talet.
-
Eit monster frå helvete. Lubok frå 1800-talet.
-
Ugle. Lubok frå 1800-talet.
-
Generalmajor Aleksandr Seslavin, 1839.
-
Paradisfuglar. Lubok frå 1879.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lubok» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2011.