Lowell-observatoriet
Utsjånad
(Omdirigert frå Lowell Observatory)
Lowell-observatoriet er eit astronomisk observatorium i Flagstaff i Arizona i USA. Lowell-observatoriet vart grunnlagd i 1894 og er av dei eldste i USA. Det fekk status som National Historic Landmark i 1965.[1] I 2011 vart observatoriet kåra til ein av dei 100 viktigaste stadane i verda av magasinet TIME.
Observatoriet ligg 2200 meter over havet. Opphavleg vart det bygd for studiet av Mars, men observasjonsprogrammet vart snart utvida til òg å omfatte dei andre planetane. Arbeidsfeltet har seinare ekspandert ytterlegare, og det er blitt utført viktige undersøkingar, mellom anna over galaksar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Marilynn Larew (October 31, 1977). «National Register of Historic Places Inventory-Nomination: Lowell Observatory» (PDF). nasjonalpark Service. Arkivert frå originalen (PDF) 21. oktober 2013. Henta 7. juni 2016. and Accompanying six photos, exterior, from 1964 and 1976 Arkivert 2013-10-21 ved Wayback Machine.
- «Lowell Observatoriet», Store norske leksikon, 2013, 3. desember, henta 13. august 2014
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lowell Observatory
- Discovery Channel Telescope Arkivert 2012-09-02 ved Wayback Machine.