Hopp til innhald

Litomyšl

Koordinatar: 49°52′N 16°19′E / 49.867°N 16.317°E / 49.867; 16.317
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Litomyšl
Marknadsplassen
Marknadsplassen
Marknadsplassen
Flagget til Litomyšl Byvåpenet til Litomyšl
Flagget til Litomyšl Byvåpenet til Litomyšl
Styresmakter
Land
Kraj
Tsjekkia
Pardubice
Første nemnd i 981
Borgarmeister Michal Kortyš
Geografi
Flatevidd 33,450738 km²
Flatevidd
 - By

33,45 km²
Innbyggjarar
 - By (1.1.2015)
   - folketettleik

10 077
  301/km²
Koordinatar 49°52′N 16°19′E / 49.867°N 16.317°E / 49.867; 16.317
Høgd over havet 330 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 030 92 - 570 01
Heimeside: https://www.litomysl.cz/
Nettstad: www.litomysl.cz
Plassering
Litomyšl is located in Tsjekkia

Litomyšl (tysk Leitomischl) er ein by og ein kommune i regionen Pardubice i Tsjekkia. Litomyšl ligg aust i Böhmen og tok form på 1200-talet der det tidlegare hadde vore ein festningsbusetnad langs Trstenice-vegen – ei viktig handelsrute mellom Böhmen og Mähren.

Litomyšl er kanskje mest kjend for det monumentale renessanseslottet oppført i åra 1568-1581. Bygningane på slottsområdet er eksepsjonelle på grunn av deira arkitektoniske prakt. Samstundes var dei òg fødestaden til den tsjekkiske komponisten Bedřich Smetana. På den utstrekte plassen, ein av dei lengste i Tsjekkia, finst eit rådhus oppført i gotisk arkitektur og ei rekkje hus i renessanse- og barokk stil. Mange av desse har vakre arkadar og kvelva rom på gateplan. Eitt av dei viktigaste husa er U Rytířů med sine flotte fasadar.

Historisk har byen òg vore kjend som eit viktig religiøst senter. Det var i Litomyšl i 1344 at det andre bispedømet i Böhmen vart oppretta, sjølv om dette enda i løpet av hussitarkrigane. På 1800-talet spelte Litomyšl grammatikkskule ei viktig rolle.

Renessanseslottet i Litomyšl

Dei kulturelle tradisjonane i byen strekkjer seg langt utover dei regionale og nasjonale grensene. Det praktfulle interiøret i slottet, særleg det barokke slottsteateret, amfiteateret i slottsparken og huset til Smetana tilbyr alle varierte konsertprogram og teateroppføringar. I 1994 møtte dei sju sentraleuropeiske presidentane kvarandre i slottet. Slottet vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1999.

Kjende personar med tilknyting til Litomyšl

[endre | endre wikiteksten]

Litomyšl er fødebyen til komponisten Bedřich Smetana (1824-1884), kritikaren og litteraturhistorikaren Arne Novák og litteraturkritikaren Hubert Gordon Schauer/

Magdalena Dobromila Rettigova - forfattar av den første tsjekkiskspråklege kokeboka - budde her frå 1834 til ho døydde i 1845.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Litomyšl