Konveks
Utsjånad
Konveks er eit adjektiv som vert brukt for å karakterisere noko som krummar eller buler utover. Konveksitet er eigenskapen å vere konveks. Motsetnaden til konveks er konkav.
Ordet konveks har opphav i det latinske orda convexus, med tyding bua, kvelva. Orda convexus er igjen samansett av co(n) = saman, og vehere = å gå, å bere, å bringe. Noko som er konveks er bøygd eller bert fram.
Konveks eller konveksitet kan referere til
Fysikk:
- Konveks linse, ei linse der sidene krummar utover.
- Konveks spegl, ein spegl der speglsida krummar utover, mot det innfallande ljoset.
Matematikk:
- Konveks funksjon, ein funksjon der mengda av punkt over funksjonsgrafen er ei konveks mengd.
- Konvekst hol, den minste konvekse mengda som inneheld eit sett av punkt.
- Konveks kombinasjon, ein lineærkombinasjon av punkt med ikkje-negative koeffisientar som summerer seg til 1.
- Konveks mengd, ei mengd der alle linjestykke mellom to punkt i mengda òg ligg i mengda.
- Konveks polygon, ein mangekant der alle interne vinklar er mindre eller lik 180 grader.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Bombus convexus, ein humleart
- Carabus convexus, ei bille i delgruppa jordløparar.
- Lucanus convexus, ei bille i familien hjortebiller.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Steven Schwartzman (1994). The words of mathematics. An etymological dictionary of mathematical terms used in English. Washington, DC: The Mathematical Association of America. ISBN 0-88385-511-9.
-
Konveks mengde
-
Konveks polygon
-
Konveks funksjon
-
Konvekse linser
-
Konvekst spegl