Killing
Utsjånad
(Omdirigert frå Kje)
Killing eller kje, er nemninga på eit ungdyr av geit og geiteliknande artar.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Ordet «killing» er ikkje det same som kylling, og deler ikkje etymologisk opphav. Det kjem istaden frå norrønt kiðlingr som var ei avleiing av kið ('kje'). Kið har derimot gjeve det engelske ordet kid, som er mykje brukt om menneskeungar, særleg på amerikansk engelsk.
I kulturen
[endre | endre wikiteksten]Kje opptrer i folkeeventyr som «Bukkane Bruse» og «Ulven og dei sju geitekillingane», og i nyare forteljingar som «Capra cu trei iezi» ('Geita og dei tre kjea hennar') av rumenske Ion Creangă, eller «Geitekillingen som kunne telle til ti» av Alf Prøysen.