Hopp til innhald

Jurjuzan

Koordinatar: 54°52′00″N 58°26′00″E / 54.86667°N 58.43333°E / 54.86667; 58.43333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jurjuzan
Юрюзань
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Jurjuzan is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tsjeljabinsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1758
1943
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)

13 300
Koordinatar 54°52′00″N 58°26′00″E / 54.86667°N 58.43333°E / 54.86667; 58.43333
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 35147

Jurjuzan (russisk Юрюза́нь) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Jurjuzan, ei sideelv til Ufa), 254 km frå Tsjeljabinsk og 6 km frå den lukka byen Trjokhgornyj.

Han vart grunnlagd i 1758 som busetnaden Jurjuzan-Ivanovskij Zavod (russisk: Юрюза́нь-Ива́новский Заво́д) i samband med bygginga av eit jernverk. Frå slutten av 1800-talet var busetnaden kjent som Jurjuzanskij Zavod (russisk: Юрюза́нский Заво́д). Han fekk bystatus og vart omdøypt til Jurjuzan 18. juni 1943.

Økonomien i byen er sentrert rundt ein stor fabrikk som produserer kjøleskap.