Jinci
Jinci | |||
| |||
Jinci-tempelet 37°42′29″N 112°26′32″E / 37.70791667°N 112.44236111°E |
---|
Jinci eller Jin-tempelet er det best kjente tempelkomplekset i Shanxi. Det ligg 25 km sørvest for Taiyuan ved foten av fjellet Xuanweng ved Jin-kjelda. Det vart grunnlagt for om lag 1400 år sidan og vart utvida i løpet av dei neste hundreåra. I dag er det ei variert samling av meir enn 100 skulpturar, bygningar, terrassar og bruer.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tempelet går tilbake til 400-talet[1] og vart opphavleg laga for forfedredyrking, noko som gjer det sjeldan.[2] Det vart bygd til minne om den første Jin-herskaren under Zhou-dynastiet, Tang Shuyu, og mor hans. Seinare har det vore brukt til ulike religiøse kultar og som kloster.[1]
Keisar Tangtaizong av Tang-dynastiet vitja staden i 646 og skreiv epigrafar om det. Under Nordlege Song (960-1127) vart tempelet vølt og det vart bygd ein hall til minne om Yijiang, mor til Tang Shuyu.[3]
Bygningar
[endre | endre wikiteksten]Det best kjente byggverket i Jinci er Hallen til den heilage mora (圣母殿, Shèngmǔdiàn), som vart reist i tida frå 1023 1032 under Song-dynastiet. [4] Det har utskorne drakar i tre som slynger seg rundt åtte pilarar som støttar eit oppoverretta dobbeltrafta tak. I tempelkomplekset er det ein klassisk hage med ein 3000 år gammal sypress frå tida til Zhou-dynastiet.
Vest for Hallen til den heilage mora ligg eit tempel vigd vassguddommen Shuimu.[5]
Like ved Jinci ligg Wang familiehall, ein privat villa bygd i 1532 for Wang Qiong som var ein høgtståande embetsmann under Ming-dynastiet.
Jinci-tempelanlegget vart i 1961 ført opp på Folkerepublikken Kina si liste over verneverdige kulturminne.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Inngangen til Jinci
-
Hjelparane til Den heilage mora
-
Jernstatue frå Song-dynastiet
-
Statue ved Jin-tempelet
-
Frå tempelhagen
-
Frå tempelhagen
-
Bygning i komplekset
-
Song-dekorasjonar i tempelet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Shanxi - Economy», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 2. oktober 2020
- ↑ «Taiyuan Jinci Temple, Shanxi», www.travelchinaguide.com, henta 2. oktober 2020
- ↑ «Jinci Temple Taiyuan», www.visitourchina.com, henta 2. oktober 2020
- ↑ «Jinci Temple». China-tour.cn. Arkivert frå originalen 19. august 2014. Henta 15. august 2014.
- ↑ Hoevels, Fritz Erik (1999). Mass Neurosis Religion: Colleted Essays about the Psychoanalysis of Religion. Ahriman-Verlag GmbH. s. 196–197. ISBN 9788391176320.
- Denne artikkelen bygger på «Jinci» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jinci tempel ved visitourchina.com