Jānis Lūsis
Jānis Lūsis | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Latvia |
Fødd | 19. mai 1939 Jelgava |
Død | |
Yrke | spydkastar |
Språk | latvisk, russisk |
Høgd | 180 centimeter |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Ektefelle | Elvīra Ozoliņa |
Jānis Lūsis på Commons |
Jānis Lūsis (fødd 19. mai 1939 i Jelgava i Latvia, død 29. april 2020) var ein latvisk friidrettsutøvar som representerte Sovjetunionen. Han fekk medalje i spydkast-tevlinga i kvart einaste internasjonale meisterskap frå 1962 til 1972.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Lūsis vann i 1969-sesongen alle tevlingane han stilte i, den 19. september i Athen tok han sin tredje EM-tittel i spyd. I det neste friidretts-EM (Helsingfors 1971) vart han den første mannlege friidrettsutøvar som tok fire EM-titler i same øving. Vinnarkastet på 90,68 m var meir enn fem meter lengre enn det næraste konkurrent presterte.
Lūsis mista verdsrekorden sin til finske Jorma Kinnunen i 1969, men tok den tilbake i Stockholm den 6. juli 1972, med eit kast som målte 93,80 m. Han såg dermed ut til å vere i storform og klar til å forsvare OL-gullet frå 1968. I spydfinalen i München i 1972 leia Lūsis etter første omgang, og auka i tredje omgang med eit kast på 89,54 m. I femte omgang kasta vesttyskaren Klaus Wolfermann, heia fram av eit entusiastisk heimepublikum på olympiastadion, heile 90,48, ny olympisk rekord. Lūsis heldt hovudet kaldt, slik han hadde for vane, og i sjette og siste omgang klemte han til med sitt lengste kast i tevlinga. Det vart målt til 90,46 m, berre to centimeter kortare enn Wolfermann sitt kast. Dermed måtte Lūsis ta til takke med sølvet.
Lūsis heldt fram å tevle i endå fleire år, men måtte innsjå at han hadde sine beste år bak seg. I Roma-EM i 1974 forsøkte han å ta sin femte EM-tittel, han vart nummer 6. To år seinare i Montreal, deltok han 37 år gammal i sitt fjerde OL og vart nummer 8.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1962 i Beograd: Gullmedalje - 82,04 m, framom Viktor Tsybulenko (77,92 m)
- Sommar-OL 1964 i Tokyo: Bronsemedalje - 80,57 m
- EM 1966 i Budapest: Gullmwedalje - 84,48 m, framom Władysław Nikiciuk (81,76 m)
- Sommar-OL 1968 i Mexico-byen: Gull - 90,10 m, framom Jorma Kinnunen (88,58 m)
- EM 1969 i Athen: Gull - 91,52 m, framom Pauli Nevala (89,58 m)
- EM 1971 i Helsinki: Gull - 90,68 m, framom Jānis Doniņš (85,30 m)
- Sommar-OL 1972 i München: Sølvmedalje - 90,46 m, bakom Klaus Wolfermann (90,48 m)
- EM 1974 i Roma: 6. plass - 83,06 m
- Sommar-OL 1976 i Montreal: 8. plass - 80,26 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jānis Lūsis» frå Wikipedia på bokmål, den 14. august 2008.
- Einskildmenn
- Fødde i 1939
- Døde i 2020
- Sovjetiske spydkastarar
- Latviske spydkastarar
- Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske meistrar i spydkast
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1968
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1968
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1972
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1976
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976