Hopp til innhald

Huglo

Koordinatar: 59°50′54″N 05°35′05″E / 59.84833°N 5.58472°E / 59.84833; 5.58472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huglo
Det nordre av Huglo sett frå ferja i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes. Foto: Bent Sigmund Olsen
Det nordre av Huglo sett frå ferja i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes.
Foto: Bent Sigmund Olsen
Geografi
Stad Hardangerfjorden
Koordinatar 59°50′54″N 05°35′05″E / 59.84833°N 5.58472°E / 59.84833; 5.58472

Areal 13,5 km²

Høgaste punkt Høgafjellet (218 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 85 (2023)
Folketettleik 6,3 /km²

Huglo er ei øy i Stord kommune. Ho ligg på austsida av Stord der Hardangerfjorden møter Langenuen. Huglo er 14 km² stor, folketalet er 85.[1] På Huglo ligg samlingstaden på Nord-Huglo, der det er butikk, bensin og kai. Butikken heiter Huglabutikken og er ein del av Nærbutikken-konseptet. Butikken har i tillegg til daglegvarer, også apotekutsal, dusj, kontorrekvisita og vaskeutstyr. Mesteparten av arealet er fjell, og høgaste topp er Høgafjellet på 218 moh. Øya har også svært frodige parti og fine landbruksareal. På austsida er grunnen kalkrik med ein rik vegetasjon. Her ligg Brandvikneset naturreservat med mellom anna barlind og kristtorn. Næringslivet består i all hovudsak av landbruk, (særleg mjølkeproduksjon), møbelproduksjon og havbruk. Huglo har ferjesamband til Stord og Tysnes.

Folketalsutvikling:

1801[2] 1900[3] 2000[1] 2023[1]
135 200 143 85

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.