Huftarøy
Huftarøy | |
---|---|
Det nordlege Austevoll med Bjørnefjorden i bakgrunnen. Huftarøy strekkjer seg frå midten av biletet og mot høgre. | |
Geografi | |
Stad | Sunnhordland |
Koordinatar | 60°02′31″N 05°15′18″E / 60.04194°N 5.25500°E
|
Areal | 50,4 km²
|
Høgaste punkt | Loddo (244 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Storebø (1658 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | ca. 3000 (2023) |
Folketettleik | 60 /km² |
Huftarøy er den største øya i Austevoll kommune rekna etter både areal og innbyggjartal. Arealet er 50,4 kvadratkilometer og det bur ca. 3000 personar her.
Øya ligg mellom Møkstrafjorden i vest, Bjørnafjorden i aust, Langenuen og Selbjørnsfjorden i sør og Korsfjorden i nord.
Nord på Huftarøy ligg kommunesenteret Storebø, med 1658 innbyggjarar (2023). Bygdene Kolbeinsvik og Vik ligg òg på Huftarøy.
Kommunikasjon
[endre | endre wikiteksten]Det går ferje frå Hufthamar nord på Huftarøy til Krokeide i Fana bydel i Bergen kommune, og til Hundvåkøy. Dette ferjesambandet vert trafikkert av to ferjer. Søraust på Huftarøy, i Husavik, går det ferje til Sandvikvåg i Fitjar kommune på øya Stord.
HSD sine hurtigbåtar og Flaggruten går innom transportknutepunktet Hufthamar nord på Huftarøy.
På sørspissen av Huftarøy går Selbjørnsbrua over til Selbjørn, som er den nest største øya i Austevoll. Hausten 2005 vart bruprosjektet Austevollsbrua sett i gang, og i 2008 stod bruprosjektet som skal binde Huftarøy saman med Hundvåkøy ferdig.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2023[3] |
---|---|---|---|
449 | 1015 | 24291 | 30771 |
1 Med Drøna, Rostøya og mindre holmar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Austevoll herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå