Hellas Planitia
Utsjånad
Hellas Planitia er det største nedslagskrateret på Mars og har ein snittdiameter på om lag 1800 kilometer. Krateret ligg på den sørlege marshalvkula og når ned til 5 km under nullhøgda på planeten. Kraterkanten er mellom 50 og 400 km brei.
Hellas Planitia er med på tidlege kart over Mars som ein omtrent rund region.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Hellas Planitia» s. 175-176 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.