Heggedal stasjon
Utsjånad
59°47′12.149″N 10°25′50.221″E / 59.78670806°N 10.43061694°E
Heggedal stasjon er ein jarnbanestasjon på Heggedal på Spikkestadbanen gjennom Asker kommune, ei jarnbaneline som fram til 1973 var ein parsell av Drammensbanen, men deretter ei line berre for lokaltrafikk. Stasjonen vart opna i 1874, mykje ombygd og modernisert i 2012, mellom anna med nye plattformer som vart tekne i bruk i august dette året.
Stasjonen ligg 99,2 meter over havet og 29,34 kilometer frå Oslo Sentralstasjon, og er no berre ein haldeplass.