Hanna Knjazjeva-Minenko
Hanna Knjazjeva-Minenko | |
Statsborgarskap | Israel, Ukraina |
Fødd | 25. september 1989 (35 år) Perejaslav |
Idrett | friidrett |
Tok del i | VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2012, EM i friidrett innendørs 2015, Friidrett under Sommar-OL 2012 – Tresteg damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tresteg kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tresteg kvinner |
Anna Viktorivna Knjazjeva (fødd 25. september 1989) er ein ukrainsk friidrettsutøvar frå Perejaslav-Khmelnytskyj som sidan 2013 representerer Israel under konenamnet Hanna Knjazjeva-Minenko. Ho vann sølvmedaljen i tresteghopp under verdsmeisterskapen 2015 og i europameisterskapen 2016, samt bronsemedalje ved europameisterskapen 2022.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Knjazjeva tevla for fødelandet Ukraina då ho under Sommar-OL 2012 enda på fjerdeplassen i tresteghopp med 14,56 meter.
I 2013 gifte og busette ho seg i Israel. Same året vart ho nummer seks i tresteg-tevlinga då VM fann stad i Moskva. Ved den israelske friidrettsmeisterskapen 2014 vann Knjazjeva-Minenko gullmedaljen i lengdehopp på ny israelsk og personleg rekord med 6,52 meter.
Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing i august gjorde ho sitt livs lengste tresteghopp, hoppet målte 14,78 meter og var akkurat nok til å vise Olga Rypakova til bronseplass. OL-sesongen 2016 sikra Knjazjeva-Minenko seg sølvmedaljen også i europameisterskapen, sju cm bakom gullvinnaren. I dei neste store meisterskapane lukkast ikkje ho kome på sigerspallen, etter som ho vart nummer fem i OL 2016, fire i VM 2017 og fem i EM 2018.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2012 i London: Nr 4 – 14,56 m
- VM 2013 i Moskva: Nr 6 – 14,33 m
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 14,78 m, bakom Caterine Ibargüen (14,98 m)
- EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 14,51 m, bakom Patrícia Mamona (14,58 m)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 – 14,68 m
- VM 2017 i London: Nr 4 – 14,42 m
- EM 2018 i Berlin: Nr 5 – 14,37 m
- OL i 2021 i Tokyo: Nr 6 – 14,60 m
- VM 2022 i Eugene: Utslått i kvalifiseringa (14,11 m=nr 15)
- EM 2022 i München: Bronsemedalje – 14,45 m
- EM 2024 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (–)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- World Athletics
- «Hanna Knyazyeva-Minenko» (på engelsk). Olympedia. Henta 13. mars 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1989
- Ukrainske tresteghopparar
- Israelske tresteghopparar
- Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Israelske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Israelske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020