Hopp til innhald

Guido d’Arezzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Guido d'Arezzo)
Guido d’Arezzo

Fødd ca. 992
Arezzo, Pomposaklosteret
Død

1050
Arezzo

Yrke musikkteoretikar, musikkforskar, komponist, oppfinnar, skribent, munk
Språk latin
Guido d’Arezzo på Commons

Guido d`Arezzo eller Guido av Arezzo var ein framståande musikkteoretikar og -pedagog frå Italia. Han var aktiv i første halvdel av 1000-talet. Han er særleg kjend for å ha lagt grunnlaget for moderne musikknotasjon ved å ha innført eit notesystem med to linjer.[1]

Guido er truleg mest kjend for omlegginga av kyrkjesongen til eit lettare pedagogisk system. Han innførte solmisasjon som prinsipp, og gjekk bort frå monokordet som innlæringsinstrument for gregoriansk song. I arbeidet sitt innførte han og eit nytt notesystem med nøklar, slik at songarane hadde ei noteline og ein fast tone å halde seg til. Han er soleis opphavet til vestleg notasjon. Med tida innførte han òg fleire liner, gjerne i ulike fargar, for at songarane skulle kunne halde tonehøgdene frå kvarandre. Den ulike fargelegginga vart for det meste lagt bort etter Guidos tid.

Solmisasjonen tok utgangspunkt i hymnen Ut queant laxis, der kvar frase byrja på ein ny tone, som låg eit steg høgare enn førre tone: Ut Re Mi Fa Sol La, i alt seks tonar. Dette utvikla seg med tida til do-re-mi-systemet, som er grunnlaget for ein vanleg durskala.

I tradisjonen etter Guido vart den guidonske handa innført som direksjonsprinsipp, og samstundes òg musica ficta.

Hovudverket hans Guido er Micrologus de Musica, som vidarefører tankane frå Musica enchiriadis, utan å sitere dette verket direkte. Micrologus finst i ei rekkje avskrifter over heile Europa, og har hatt stor musikkhistorisk verknad på ettertida. Hermanus Contractus bygde vidare på Guido sine tankar.

  1. «Guido fra Arezzo». Store norske leksikon (på norsk). 18. juni 2024.