Gudinna Bellona
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bellona (fleirtyding).
Gudinna Bellona | |||
Skulptur av Bellona (1878) av Auguste Rodin. | |||
Identifisert med | Enyo | ||
---|---|---|---|
Mor | Juno | ||
Far | Jupiter | ||
Ektefelle | Mars | ||
Sambuar | Mars |
Bellona var ei romersk krigsgudinne, kanskje av etruskisk opphav. Ho blei samanlikna med den greske gudinna Enyo.
Namnet Bellona heng saman med det latinske ordet for krig, bellum, og ein trur at ho var den opphavlege guddommen for krig før Mars tok over. Gudinna stod for redslene heller enn den heltemodige sida ved kriginga. I kunsten blei ho framstilt med hjelm, spyd, sverd og fakkel. Festdagen hennar var 3. juni.
Alle møte i det romerske senatet som hadde med utanlandsk krig å gjera blei haldne i tempelet til gudinna, Templum Bellonae, på Kapitolinarhøgda. Tempelet blei bygd i 296 f. Kr. og brann ned i 48 f. Kr.