Hopp til innhald

Grunneining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grunneiningar er måleiningar som andre fysiske og tekniske einingar er avleidde frå. Dei er einingane for dei storleikane som er valde som grunnstorleikar i eit einingssystem. Grunneiningane skal ikkje kunne avleiast av kvarandre, og skal vere definerte slik at dei kan reproduserast særs nøyaktig, helst ved hjelp av naturkonstantar. Viss dette ikkje lèt seg gjere med tilstrekkeleg nøysemd, blir dei no avgjort ved hjelp av internasjonale normalar. For storleikar som kan avleiast av grunnstorleikane, vil tilsvarande einingar kunne avleiast av grunneiningane.

  • «Grunnenheter». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 9. november 2013.