Geoglyf
Ein geoglyf er ein stor figur eller teinking på bakken. Han er markert med linjer og flater danna av steinar, grus, jordhaugar og liknand eeller ved å fjerne eller erstatte overflata med material av annan farge. Geoglyfar varierer i motiv og storleik, men stammar ofte frå førhistorisk tid. Nokre er berre synlege frå lufta eller på avstand.
Døme på geoglyfar er Nazcalinjene i den tørre Nazcaørknenen i Peru, store dyrefigurer laga av føregjengarane til inkaindianarane før 800 e.Kr., og kvite hestaer og andre grafiske figurar i England. Marree Man eller Stuarts kjempe er ein moderne geoglyf som vart oppdaga i Australia i 1998. Figuren er 4,2 km høg og førestiller ein aborigin. Opphavet er ukjent. På 1960- og 70-talet var det dessuten stadkunst der naturen inngjekk som kunstverk eller kulisse. Òg arkitektur, by- og vegplaner kan formast som geoglyfar og teikningar i landskapet sett ovanfrå.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Stadkunst, amerikansk kunstretning frå 1960-talet der naturen inngår som kunstverk eller kulisse
- Kornsirkel
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Geoglyf» frå Wikipedia på bokmål, den 10. januar 2014.