Generasjon
Utsjånad
Generasjon er nemninga på til dømes både
- den eininga som den eine av fleire lekk i ei ætteline utgjer
- den eininga som ei einskild aldersgruppe innanfor eit samfunn eller ei yrkesgruppe utgjer
- den tida som ei aldersgruppe lever, det vil seie ein mannsalder, vanlegvis rekna til ein tredel av eit hundreår
- kvart av fleire steg i utviklinga av eit produkt og liknande.
Besteforeldre, foreldre og born utgjer kvar sin generasjon i ættelina; besteforeldregenerasjonen er nemninga på den gruppa av menneske i samfunnet som er i den alderen då dei fleste av dei har vorte besteforeldre; min eller vår generasjon er alle dei som er av om lag same alder som ein sjølv; krigsgenerasjonen er dei som vart fødde under krigen; at noko hende for tre generasjonar sidan tyder at det gjekk føre seg for om lag for tre mannsaldrar ('tre livslengder') sidan; ein ny generasjon dataprogram er eit nytt steg i vidareutviklinga av den aktuelle typen dataprogram; andre generasjonen elektriske bilar er den markert forbetra utgåva av elektriske bilar i høve til fyrsteutgåva, og så bortetter.